#53 - Kviledagen

Audeland - Un pódcast de Fredag & Fretland

Categorías:

Hei, og velkomne til sjølvmotseiinganes land, der me feirar kviledagen ved å spela inn ein heil podcast om kviledagen og kvifor me må ta vare på kviledagen og ikkje til dømes spela inn podcastar på han! Mariell fortel om ei bok ho les, noko som igjen reiser det gamle spørsmålet: Har Jostein kapasitet til glede? Lytt, så får du høyre! For ekstra-innhald – inkludert ny ekstra-podd denne veka! – fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil. Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016). Gjestespel av Christine Schwarz og Fredrik Høstaker, i rollene som høvesvis Chrostein og Fariell.