#37 – Medan du sit i eit hjørne og brettar trusene dine

Audeland - Un pódcast de Fredag & Fretland

Categorías:

Det er fyrste søndag i advent, og Mariell og Jostein er gira, iallfall på visse aspekt av det. Jostein har skrive nytt adventsvers, som han urframfører på podden, med fyrstikklydeffektar og bakgrunnsmusikk som seg hør og bør. Og apropos julemusikk, kva for av dei tre julemusikkpersontypane er du? Jostein kjem med brennheit, spekulativ musikkantropologisk forsking, som Mariell har ... meiningar om. Kvar vankar du? Ut av min julefest! Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016). Musikk under opplesing: «eurostar» av fivrel. Fyrstikklydeffekten var «match strike 05.wav» av brukar tim.kahn på freesound.org.